Details page

Runde fyr


Foto: og grafikk Arild Fredriksen
Runde fyr vart det femte i landet og det første nord for Stad, då kongen i 1767 utferda løyve til å setje opp eit fyr i ei opa gryte, som vart sett rett på fjellet på Rundebranden. Byfogd Koren i Kristiansund fekk privilegiet til å drive fyret, men Staten innløyste dette i 1807. Seinare vart fyrgryta erstatta eit åttekanta kolblussfyr i 1826. I 1858 vart det sett opp eit fyrtårn av støypejarn på Kvalneset. Øvre del av fyrtårnet vart teke ned i 1910, flytta og sett opp att på Sklinna fyr. Under andre verdskrig vart meir av det staselege støypejarnstårnet frå Bærums Verk fjerna. Berre eit dagmerke står att i dag. I 1935 vart restane av det gamle kolblussfyret sprengt bort og det vart sett opp eit nytt fyr av betong på den same staden. Fyrlinsa frå det gamle fyrtårnet vart flytta over og lyser her den dag i dag. Runde fyr vart avfolka i 2002. I dag har Kystverket inngått samarbeid med Ålesund og Sunnmøre Turistforeining om ny bruk av fyrstasjonen. Staten ved Kystverket eig fyrstasjonen, som er freda etter kulturminnelova. Fyret og farvatnet - Farvatnet utanfor Runde er kjent for å vere hardt med fleire kjente forlis. Fyret gjev landkjenning for både fiskarar og handelsreisande.