Details page

Ulstein gamle kyrkjegard


Foto: Frode Pilskog
Kyrkjestad. På 1100-talet vart det reist ei lita steinkyrkje her. Kyrkja var bygt i romansk stil med kor og skip. Ein kan sjå omrisset av den gamle kyrkja på steinhellene inne på kyrkjegarden. Kyrkja var kvitkalka både, innvendig og utvendig. Rundt dørene, vindauga og hjørna bygde ein med marmor. Kanskje kan marmoren stamme frå eit av steinbrota på Borgarøya? Kyrkja var godt synleg i skipsleia og ein sentral stad i området. På slutten av 1700-talet var kyrkja eigd av Christoffer Rønneberg, handelsmann på Kriksholmen. I 1798 vart kyrkja kjøpt av bygdefolket. Kyrkjeverge Peter Nilsen Scheide gjorde ein stor innsats i vedlikehaldet av kyrkja. 30. oktober 1847 slo lynet ned i kyrkja. Tårnet og murane var så skada at ein måtte bygge ei ny. Ei ny  åttekanta tømmerkyrkje vart sett opp like ved tomta til den gamle. Dette var den siste åttekanta kyrkja som vart bygt på Sunnmøre. Kyrkja stod her fram til ho i 1878 vart flytta til Ulsteinvik.


Ulstein gamle kyrkjegard


Foto: Frode Pilskog

Ulstein gamle kyrkjegard


Foto: Frode Pilskog